Norsk olje og gass Skatteseminar 2016

 
 

Invitasjon til medlemmer i Norsk olje og gass

Norsk olje og gass har også i år gleda av å invitera til skatteseminar.

I 2016 blir seminaret lagt til Hotel Yasuragi i Stockholm i perioden mandag 2. til onsdag 4. mai 2016 

Hotel Yasuragi er eit japanskinspirert hotell: http://yasuragi.se

Finansdepartementet, Oljeskattekontoret og Olje- og energidepartementet har deltatt i arbeidet med å utforma det faglege innhaldet på seminaret og er invitert til å delta som ved tidlegare år.

Seminarprogram
Førebels seminarprogram ligger vedlagt. Enkelte justeringar vil forekomma.

Deltaking
Som representantar for styresmaktene er Oljeskattekontoret (OSK),
Finansdepartementet (FIN), Oljedirektoratet (OD) og Olje- og energidepartementet
(OED) invitert. OSK blir invitert til å delta med 8 personar, FIN og OED med inntil 4 personar kvar og Oljedirektoratet med 2 personar.

Alle medlemsselskapa i Norsk olje og gass blir invitert til å delta med representantar på seminaret. Ramma for seminaret er omlag 80 deltakarar.

Dersom påmelding til seminaret overgår ramma for deltakarar, vil administrasjonen til Norsk olje og gass fordela deltakarar med utgangspunkt i maks 2 deltakarar frå oljeselskapa og 1 deltakar frå leverandørselskapa. Storleiken på selskapet vil åpna for skjønsmessig justering i selskapsdeltaking dersom denne problemstillinga blir aktualisert. 

Reise/transport
Den enkelte organiserer si eiga reise til Stockholm. Dei som nyttar nedanståande forslag til reiserute vil kunne dra nytte av felles busstransport til og frå seminarhotellet.

Forslag til reiserute:

Frå Stavanger 02.05.2016: 12:15 – 13:35 (SK 1496)

Frå Oslo 02.05.2016: 12:50 – 13:45 (SK 868)

Felles buss frå Arlanda flyplass (Stockholm), avgang 14:30

Retur etter seminaret:

Felles buss frå seminarhotellet til Arlanda flyplass (Stockholm), avgang 13:00

Flyavgang (Oslo/Stavanger): 15:30 – 16:25/18:05 (SK 491/SK4043)

Hotellopphald
Norsk olje og gass har reservert hotellrom på seminarhotellet, Hotel Yasuragi, Hamndalsvägen 6, Saltsjö-Boo
Hotellopphaldet for seminarperioden mandag 02.05.16 til onsdag 04.05.16 kostar kr. 5 388,- (SEK) fullpensjon enkeltrom, og må dekkast av den enkelte ved avreise.

Påmelding - Seminaravgift

Til dekning av fellesutgifter i samband med seminaret (møtelokaler, drikke til måltider, utflukt og fellestransport til og frå flyplass) blir deltakarane frå Norsk olje og gass pålagt ei seminaravgift på kr. 5.500,- som blir fakturert den enkelte når påmelding er registrert.

Vi ser fram til di deltaking på seminaret og at det medverkar til at Norsk olje og gass Skatteseminar møter dei forventningar du har til møteplassen og det faglege utbyttet.

Påmelding ved skjemaet under innen 6. april 2016


Skatteseminar 2016-program (.pdf)

Arrangementet er stengt for pÄmelding / Closed for registration.