Invitasjon til medlemmer i Norsk olje og gass

Norsk olje og gass har også i år gleda av å invitera til skatteseminar.

I 2017 vil seminaret bli lagt til Fleischers Hotel på Voss i perioden onsdag 3. til fredag 5. mai 2017.

Fleischers hotel på Voss er eit tradisjonsrikt hotell frå 1889, bygd i dåtida si populære sveitsarstil. Sjå meir om hotellet: www.fleischers.no

Finansdepartementet, Oljeskattekontoret og Olje- og energidepartementet har vore med i arbeidet med å utforma det faglege innhaldet på seminaret og er invitert til å delta som ved tidlegare år.

Seminarprogram
Førebels seminarprogram ligg vedlagt. Enkelte justeringar kan forekomma.

Deltaking
Som representantar for styresmaktene er Oljeskattekontoret (OSK), Finansdepartementet (FIN), Oljedirektoratet (OD) og Olje- og energidepartementet (OED) invitert. OSK blir invitert til å delta med 8 personar, FIN og OED med inntil 4 personar kvar og Oljedirektoratet med 2 personar.

Alle medlemsselskapa i Norsk olje og gass blir invitert til å delta med representantar på seminaret. Ramma for seminaret er omlag 80 deltakarar.

Reise/transport
Den enkelte organiserer si eiga reise til Voss.

Hotellopphald
Norsk olje og gass har reservert hotellrom på seminarhotellet.

Hotellopphaldet for seminarperioden 3. til 5. mai kostar kr. 3790,- for fullpensjon enkeltrom, og må dekkast av den enkelte ved avreise.

Påmelding - Seminaravgift
Til dekning av fellesutgifter i samband med seminaret (eksterne foredragsholdere, drikke til måltider, utflukt med middag etc.) blir deltakarane frå Norsk olje og gass sine medlemsselskap pålagt ei seminaravgift på kr. 5 000,-  som blir fakturert den enkelte når påmelding er registrert.

Det er viktig at kvar enkelt opplyser om korrekt fakturaadresse samt eventuelt PO eller referansenummer.

For at påmeldinga skal vera bindende må nemnde faktura væra betalt innan forfallsfristen.

Vi ser fram til di deltaking på seminaret og at det medverkar til at Norsk olje og gass Skatteseminar møter dei forventningar du har til møteplassen og det faglege utbyttet.

Påmelding ved skjemaet under innan 6. april 2017


Skatteseminar program 2017 (.pdf)

Arrangementet er stengt for pÄmelding / Closed for registration.