Invitasjon til OSK, OED, FIN og OD

Norsk olje og gass har også i år gleda av å invitera til skatteseminar.

I 2017 vil seminaret bli lagt til Fleischers Hotel på Voss i perioden onsdag 3. til fredag 5. mai 2017.

Fleischers hotel på Voss er eit tradisjonsrikt hotell frå 1889, bygd i dåtida si populære sveitsarstil. Sjå meir om hotellet: www.fleischers.no

Finansdepartementet, Oljeskattekontoret og Olje- og energidepartementet har vore med i arbeidet med å utforma det faglege innhaldet på seminaret og er invitert til å delta som ved tidlegare år.

Seminarprogram
Førebels seminarprogram ligg vedlagt. Enkelte justeringar kan forekomma.

Deltaking
Som representantar for styresmaktene er Oljeskattekontoret (OSK), Finansdepartementet (FIN), Oljedirektoratet (OD) og Olje- og energidepartementet(OED) invitert. OSK blir invitert til å delta med 8 personar, FIN og OED med inntil 4 personar kvar og Oljedirektoratet med 2 personar.

Alle medlemsselskapa i Norsk olje og gass blir invitert til å delta med representantar på seminaret. Ramma for seminaret er omlag 80 deltakarar.

Reise/transport
Den enkelte organiserer si eiga reise til Voss.

Hotellopphald
Norsk olje og gass har reservert hotellrom på seminarhotellet.

Hotellopphaldet for seminarperioden 3. til 5. mai kostar kr. 3790,- for fullpensjon enkeltrom, og må dekkast av den enkelte ved avreise.


Skatteseminar program 2017 (.pdf)

Arrangementet er stengt for pÄmelding / Closed for registration.